Tirsdag 14 September
Kl. 18:00 - 21:00, Gamleskulen på Norheim ReDesign
Er du av dei som likar å skapa noko nytt av noko gamalt? Då er du HJARTELEG VELKOMEN til Gamleskulen ReDesign. Brita Træbakken er kreativ primus motor, og held verkstaden open kvar andre tysdag i månaden. Det er inga påmelding, berre å møte opp!

TYSDAG 14. SEPTEMBER
Verkstaden har fått inn mengder av stoff og materiale! Me startar difor haustsesongen med å laga sansemuffer, som me gjev til eldreinstitusjonane i kommunen.

Sansemuffer er mykje brukt til å stimulera og aktivisera personar som har demens. Dei ulike materiala, teksturane og ulike duppedingsane stimulerer sansane, trenar finmotorikken og sysselset rastlause hender. Me har tidlegare laga slike sansemuffer til institusjonane, og veit at dei set stor pris på fleire!

Velkomen!


Kontakt

Sandvenvegen 1B
5600 Norheimsund

Organisasjonsnummer
977084199

Sosiale media

2021 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam