Tirsdag 9 November 2021
Kl. 18:00 - 21:00, Gamleskulen på Norheim
ReDesign
Er du av dei som likar å skapa noko nytt av noko gamalt? Då er du HJARTELEG VELKOMEN til Gamleskulen ReDesign. Brita Træbakken er kreativ primus motor, og held verkstaden open kvar andre tysdag i månaden.

Ta med klede og stoff du ikkje brukar, og gje det nytt liv! Me byter, inspirerer og hjelper kvarandre. Symaskiner og mykje anna utstyr er på staden.

Du treng ikkje binda deg til noko fast, eller å melda deg på. Berre møt opp dei gongene du måtte ha høve og lyst! Du er også hjarteleg velkomen til å ta turen innom for å sjå kva me held på med.

Velkomen!

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam