Fredag 18 Juni
Kl. 13:30 - 15:30, Thon Hotel Sandven Medarbeidarsamling
Grannehjelpa ønskjer frivillige og samarbeidspartar hjarteleg velkomen til medarbeidsamling fredag 18. juni kl 1330 på Thon Hotel Sandven.

Det har vore eit særs annleis år, noko som har prega organisasjonen vår på så mange måtar. Det skjer og skal skje mykje dette året, og me ønskjer  frivillige og samarbeidspartar velkomen til medarbeidarsamling for å informere om "ståa" og planar for hausten. 

Det skjer endringar i Grannehjelpa sin stab. Sidsel takkar for seg no i juni, og ny dagleg leiar tiltrer 1. september. Begge vert med på samlinga saman med Rut, Helena og Grethe (vikar for Rut). Me ser fram til å sjå dykk alle!

Agenda

  • Velkomen
  • Status
    • Organisasjonen
    • Aktivitet
    • Prosjekt
  • Kake og kaffe
  • Vel heim

Grunna Covid-19 er det avgrensa tal plassar. Meld deg på via skjemaet under, eller send sms | epost til 901 26 88 | post@grannehjelpa.no


Påmelding er stengt

Kontakt

Sandvenvegen 1B
5600 Norheimsund

Organisasjonsnummer
977084199

Sosiale media

2021 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam