Onsdag 30 September 2020
Kl. 11:00 - 15:00, Spar i Norheimsund
Karatrakk
Turgruppa Karatrakk går på tur kvar onsdag. Oppmøte ved Spar i Norheimsund kl. 11. Turane varer ca. 3-4 timar, så ta med niste.

Viktig oppdatering per mai 2020:

For at turane skal vera trygge for både deltakarar og turleiar, er det viktig at alle følgjer smittevernreglane. Per dags dato gjeld følgjande:

  • Alle deltakarar må vera friske og ha god allmenntilstand (ein kan ikkje vera med dersom ein har fått påvist korona, er i karantene, eller har symptom på sjukdom)
  • Alle som ikkje tilhøyrer same husstand, må halda éin meter avstand til kvarandre
  • Unngå handhelsing, klemming og all annan form for fysisk kontakt
  • Alle må sjølve ta med det dei treng av personleg utstyr - det skal ikkje delast på utstyr innad i gruppa
  • Ta med eigen mat og drikke
  • Dersom det vert aktuelt å køyra til turens startpunkt, er det tilrådd å halda éin meters avstand gjennom heile reisa, unngå kontakt andlet til andlet, og ikkje nytta heile kapasiteten i transportmiddelet (ikkje fylla opp bilen til maks tal passasjerar)

Vel møtt, og god tur!

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam