Torsdag 25 Mars 2021
Kl. 10:00 - 10:30, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
GOD BOK: ein god start på dagen
Kva er vel betre enn å starta dagen med ei god bok?

Kvam bibliotek og Grannehjelpa startar no opp med eit nytt tilbod i Torefjell: God bok: ein god start på dagen med Ragna Helene Soldal. Medan biblioteksjefen les høgt frå ei utvald bok, kan du nyta ein kopp kaffi, strikka nokre rundar på strikketøyet ditt, eller putla på med det du elles gjer på morgonen. Kva meir kan ein ynskja seg på ein heilt vanleg torsdag føremiddag?

Torsdag 25. mars: Fjorden av Lars Ove Seljestad.

Ragna Helene skriv om boka:
"Fin roman om forholdet mellom ein far og ein son og ei reise langs fjorden og i livet. Kjekt med ei bok med lokalt tilsnitt."

For å vera med, nyttar du same lenkje som til tematreff: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam