Torsdag 18 Februar
Kl. 10:00, https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell GOD BOK: ein god start på dagen
Kva er vel betre enn å starta dagen med ei roleg stund og ei god bok?

Kvam bibliotek og Grannehjelpa startar no opp med eit nytt tilbod i Torefjell: God bok: ein god start på dagen med Ragna Helene Soldal. Medan biblioteksjefen les høgt frå ei utvald bok, kan du nyta ein kopp kaffi, strikka nokre rundar på strikketøyet ditt, eller putla på med det du elles gjer på morgonen. Kva meir kan ein ynskja seg på ein heilt vanleg torsdag føremiddag?

Torsdag 18. februar:
Ragna Helene les Tykkere enn vann frå novellesamlinga En lykkelig gift mann og andre noveller av Odd Klippenvåg.

For å vera med, nyttar du same lenkje som til tematreff i Torefjell. Klikk her, så kjem du rett inn: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

Kontakt

Sandvenvegen 1B
5600 Norheimsund

Organisasjonsnummer
977084199

Sosiale media

2021 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam