Fredag 12 Mars 2021
Kl. 11:00 - 13:00, Kabuso, Øystese
"Fredag i farta" i Kabuso kl 11-13
Gjennom "Fredag i farta" inviterer Grannehjelpa til utflukt til ulike stader i Kvam. Me saknar sosiale fellesskap for vaksne og håpar du vil vera med til Øystese og Kabuso 12. mars kl 11, kor me få oppleva den nye utstillinga før me et lunsj i lag.

Grannehjelpa lanserer sin aktivitet "Fredag i farta" no i mars. Me håpar mange vil vera med på omvisning i Kabuso. Etterpå får me deilig heimalaga pai og kaffi med noko attåt. Pris kr 200,- pr person.

Påmelding seinast tysdag 9. mars via skjema under. Avgrensa tal plassar.
Ein kan og melde seg på via telefon/sms/epost
480 72 456 / helene@grannehjelpa.no

Om utstillinga
Kunstnarane Hege Nyborg, Ingrid Book, Carina Hedén, Torbjørn Sørensen, Per Christian Brown og Helene Sommar Har utvikla utstillinga gjennom fleire lengre opphald i Hardanger. Utstillinga gjev ulike innfallsvinklar – i form av måleri, teikning, fotografi, video og installasjon – på spørsmålet: Kva er Hardanger i dag og kva fortel eit landskap som dette oss om identitet, historie, vitskap og forholdet vårt til natur? Tittelen på utstillinga er henta frå novellesamlinga «Trækfugle og andre» av Hans E. Kinck. I tillegg til Kinck har kunstnarane henta inspirasjon frå mellom andre Ingebrigt Vik og botanikar Johan Havaas.


Påmelding er stengt
2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam