Torsdag 6 April 2023
Kl. 12:00 - 14:00, Kunsthuset Kabuso
Brettspelkafé i Kabuso
I samband med Grannehjelpa sitt prosjekt, Aktivitetsmøteplassen, har Kabuso starta brettspelkafé! Hit kan du koma kvar torsdag frå kl. 12 til 14 for å spela eit breitt utval brettspel saman med andre. Kaffi og te er gratis for alle som deltek.

Om prosjektet Aktivitetsmøteplassen:
Aktivitetsmøteplassen er eit prosjekt som søkjer å gje fleire vaksne kvemmingar ein meir aktiv kvardag. Sånn ca. annankvar måndag inviterer me difor til ein uhøgtidleg kafé i Gamleskulen på Norheim, der deltakarane får servert gratis lunsj, samt møta ein aktivitetsleverandør i Kvam. Etter matøkta, reiser me til staden der den aktuelle aktiviteten vanlegvis tek stad, og får prøva den ut sjølve. Over ein periode på to månadar, vil kvar presenterte aktivitet vera gratis for alle som ynskjer å prøva (stadar, dagar og tidspunkt for desse vil variera). Døme på gratis aktivitetar: bordtennis med Hardanger Bordtennisklubb, brettspelkafé i Kabuso, Les i lag på biblioteket. Kom på Aktivitetsmøteplassen på måndagar, og følg med på Grannehjelpa si Facebook-side (facebook.com/kvamfrivilligsentral), for å halda deg oppdatert!

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam