Mandag 13 Mars 2023
Kl. 11:00 - 14:00, Gamleskulen på Norheim
Aktivitetsmøteplassen
Aktivitetsmøteplassen er eit prosjekt som søkjer å gje fleire vaksne kvemmingar ein meir aktiv kvardag. Sånn ca. annankvar måndag inviterer me difor til ein uhøgtidleg kafé, der deltakarane får servert gratis lunsj, samt møta ein aktivitetsleverandør i Kvam. Etter matøkta, reiser me til staden der den aktuelle aktiviteten vanlegvis tek stad, og får prøva den ut sjølve. Over ein periode på to månadar, vil kvar presenterte aktivitet vera gratis for alle som ynskjer å prøva (stadar, dagar og tidspunkt for desse vil variera). Døme på gratis aktivitetar: bordtennis med Hardanger Bordtennisklubb, brettspelkafé i Kabuso, Les i lag på biblioteket. Kom på Aktivitetsmøteplassen på måndagar, og følg med på Grannehjelpa si Facebook-side (facebook.com/kvamfrivilligsentral), for å halda deg oppdatert!

Aktivitetsmøteplassen måndag 13. mars: Kor med Kvam Kulturskule



2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam