Torsdag 11. mars: Kvam herad om Leve hele livet
Presentert av folkehelsekoordinator Reidun Braut Kjosås og leiar for helse og omsorg Åslaug Bøhn Botnen.
Eldrereforma «Leve hele livet» er regjeringa si hovudsatsing for at eldre kan meistra livet lenger og ha ein trygg, aktiv og verdig alderdom. Kvam herad er i gong med å laga ein strategiplan for reforma og ønskjer i den samanheng ei brei medverknad gjennom prosessen.
Vil DU vera med på å påverka din eigen og andre sin alderdom?
«Tematreff i Torefjell» 11.mars handlar om «Leve hele livet». Kvam herad vil presentera bakgrunn for arbeidet og korleis dei jobbar med reforma. Vidare ønskjer dei innspel og dialog til to av innsatsområda i reforma:
- Eit aldersvennleg Noreg
- Aktivitet og fellesskap
Klikk på denne lenkja for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell