Søndag 8 November 2020
Kl. 11:00 - 14:00, Øystese sentrum
KvammaVEKO: Aktivitetsdag for folk i alle aldrar
Årviss markering av Verdsdagen for psykisk helse. Over ei veke vert det arrangert ymse aktivitetar for å styrka kunnskapen om og setja fokus på årets tema.

Varierte og morosame aktivitetar på ulike stadar i bygda. Postane inkluderer, med anna, hinderløype, frisbeegolf og utandørskafé. Du får også møta Pia Ve Dahlen, kjend som Noregs kulaste marinbiolog, som vil visa deg livet i sjøen! Møt opp ved Hardangerbadet for registrering og utdeling av kart.

Alle aktivitetar er opne frå kl. 11 til 14, så kom når det passar.


2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam