Velkomen til Språktreff på biblioteket i Norheimsund!
Her kan du koma for å øva på å snakka norsk og få hjelp til lekser, eller for å vera ein samtalepartnar eller leksehjelpar for dei som lærer seg språket.
Kvar veke tek me for oss eit nytt samtaleemne. Fyrst i fellesskap, deretter i mindre grupper.
Viktig! Me må gå inn døra ved sidan av hovudinngangen til biblioteket (rett rundt hjørnet). Dette, fordi biblioteket må halda stengt når det er Språktreff, grunna smittevern.