Er du 60+ og har lyst å vera med å teste ut sosiale møteplassar på internett? Grannehjelpa har saman med Kvam herad søkt og fått tilskot til eit prosjekt som har som mål å få fleire seniorar til å bli meir aktive gjennom å delta i sosiale fellesskap på digitale møteplassar. I løpet av oktober og november vert det 6-8 treff på internett med ulike tema og innhald. Treffa er gratis og opne for alle. Før me startar opp med treff, vil me testa ut og rettleie dei som har lyst og som er interessert i å læra om plattforma Whereby. Ein treng ikkje vera erfaren PC- eller internettbrukar og ein kan bruke både datamaskin, nettbrett og/eller mobiltelefon. Tilbodet er gratis og heilt uforpliktande å vera med på.
Ta med eigen datamaskin, nettbrett og/eller mobiltelefon.