MENY
Roastbiff med dampa grønsaker, steikte poteter og sjysaus.
Sitronmousse med bærsaus til dessert.
Pris: 220 kr,- per person.
PÅMELDING seinast måndag 1. juni til Grannehjelpa
telefon/SMS: 901 22 688
e-post: post@grannehjelpa.no
VIKTIG! Grunna situasjonen me no er i, må me ta visse forholdsreglar. Med tanke på smittevern, er det difor, i samråd med Thon Hotel Sandven, samanfatta følgjande retningslinjer:
- Berre personar som er friske og frie frå symptom kan delta på arrangementet
- Personar som ikkje tilhøyrer same husstand vil verta plassert med god avstand frå kvarandre
- Deltakartalet er redusert til ca. 30 personar, så her er det fyrstemann til mølla-prinsippet som gjeld
Me gledar oss over å vera i gang igjen, og håpar DU vil vera med! Hjarteleg velkomen, er du i alle fall!