Onsdag 15 April
Kl. 11:30 - 13:30, Øystese bedehus
Kvam Internasjonale Kvinnegruppe
Kvam Internasjonale Kvinnegruppe tek stad i Øystese bedehus frå kl. 11.30 til 13.30 kvar onsdag.

Kvinnegruppa er ein møtestad for alle kvinner på tvers av alder, nasjonalitet, trusretning, farge og fasong. Hit kan du koma for å:

  • Øva på å snakka norsk, eller hjelpa andre med å læra språket.
  • Driva med handarbeid.
  • Bli kjend med nye menneske.


Å vera med i Kvinnegruppa er uforpliktande og heilt gratis. Berre møt opp dei gongane det måtte høva!

Kvinnegruppa vert gjennomført i samarbeid med Øystese sanitetslag.

2026 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam